Åresong til Strandebarm 25 sept 2010

     

Konsert:
Fosse/Fliflet: Åresong

 

Stad: Haugatun, Strandebarm

 

Tekstane er av Jon Fosse og Gabriel Fliflet har sett tonar til.

Artistar:

Gabriel Fliflet, piano, trekkspel, song
Per Jørgensen, song, trompet
Benedicte Maurseth, song, hardingfele
Kristoffer Vogt, song, kontrabass
Stein Urheim, song, strengeinstrument

 

Dette var eit tingingsverk til Festspela i Bergen 2010

 

Konserten var ei oppleving for dei som var i Grieghallen.

Smaksprøve på Youtube

 

Set av laurdag 25 sept 2010 i Haugatun

 

 

 

Me har framleis bøker, plakatar, kort og T- skjorter til sals.
  
Kontakt: post@fossedagane.com

 

 

 

”Klangen frå Strandebarm ligg i botnen av alt eg skriv. Haustmørkret. Tolvåringen som går på ein smal bygdaveg. Vinden, regnet som piskar, fjorden slår. Eit einsleg hus med lys i vindauge. Kanskje kjem det ein bil. Dei tinga der ligg i botnen av alt eg skriv.” 

Jon Fosse.

 

 

ho står i sitt eige mørker

ho står i sitt eige lys, ho står på ein bakke

ho står og ser seg rundt, ho står og held på ein pose

ho opnar posen og ho ser seg rundt, ho tar ein neve

med brødbitar opp ifrå posen, ho ser seg rundt

og sauene kjem, dei kjem ifrå kvar sin kant

sauene, lamma, sjølv verane kjem

dei spring imot henne, ho står med handa full

av brød i bitar ho deler litt ut og dyra et ho byrjar så gå

og dyra følgjer etter ho står i sitt eige lys ho går føre

og sauene kjem etter og rundt seg har ho sauene

(og over det heile er hennar, så uforfalska, klåre lys)

dikt-1986-2000

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

   

   Jon Fosse

                      dagane 2009

Strandebarm