Arnhild Litleré  frå Strandebarm  er profesjonell skodespelar og har hatt oppdrag på kjende scenar. Ho er ein god Fosse-tolkar og Fosse-kjennar. Initiativtakar til Jon Fosse-dagane i Strandebarm. Har hatt ein sentral rolle i førebuinga til desse dagane i august.

Arild B. Nielsen, musikar. Krumtapp i musikklivet i Hardanger i mange år. I lag med Arnhild Litleré og Sigmund Vik har han gitt liv og skapa uventa stemningar til poesi med instrumenta sine. Poesi av mellom anna Jon Fosse.

Sigmund Vik, musikar frå Norheimsund. Ein av dei mange talentfulle musikarane frå Hardanger. Har samarbeid med mange kunstnarar i Hardanger.

Vidar Berge, musikar frå Strandebarm. Har for tida stor suksess med SVER.

Svein Tindberg, skodespelar. Tilsett ved Det Norske Teateret frå 1982.  

Reiste landet rundt med oppsetjinga av Markusevangliet. Under Jon Fosse-dagane vert det to førestilingar med Andvake. Heile boka vart framført frå scenen i ungdomshuset Haugatun.

Benedicte Maurseth, årets unge folkemusikar i 2007. Ho trakterar fela med stor speleglede og er dyktig kvedar. Ho skal opptre i lag med Svein Tindberg under Andvake og på festkvelden. Har gitt ut CDen Rosa i botnen i lag med Kunt Hamre. Medlem av Harding Puls.

Jan Landro, festtalar.

Kulturredaktør i Bergens Tidende.

Nan Alice Espeseth, frå Norheimsund. Har laga eigne songar sidan gymnaset og opptrer ofte solo. Sidan 2000 har no vore "Me" i bandet "Me og Bobby".
Irene Nygårdsvik, skal leia samtalen om forfattarskapen til Jon Fosse på laurdag. Har økonomisk utdanning og har arbeidd mykje med nye økonomiske teoriar. Det er skapartrongen som driv økonomar og kunstnarar.
Hildegun Riise, er frå Strandebarm og er profesjonell skodespelar. Hildegun og Arnhild har vore på scenar i Strandebarm frå unge år. Tilsett ved Det Norske Teateret. Har vore med i mange filmar og TV-seriar. Vestavind, Landstrykere og Flaggermusvinger. For rollen i Søndagsengler vart ho kåra til beste kvinnlege skodespelar ved den internasjonale filmfestivalen i Tokyo i 1996. Hildegun skal lese frå barneboke Kant under Jon Fosse-dagane.
Lars Sætre, professor i allmenn litteraturvitskap (Uib). Han har skriv fleire artiklar om forfattarskapen til Jon Fosse og har rettleia mange utanlandske master- og doktorgradskandidatar som har skrive oppgåver med Jon Fosse som emne. Har forelese om Fosse sin dramatikk og romankunst i inn- og utland.

Elevar, frå Strandebarm skule som skal delta på festkvelden. No er dei klare til øving.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

   

   Jon Fosse

                      dagane 2009

Strandebarm