Billettsal slutt på Billettservice

Ledige billettar vert seldt ved inngangen.

 

 

14. august 2009

 

FESTKVELD med Skuggar,

(billettar kan og kjøpast på Coop - Strandebarm og O. Tufta - Oma)

kl 19.00 Strandebarm Idrettshall kr 300

Teaterstykket Skuggar av Jon Fosse 2006


Produsert av frigruppa ”Dei utvalgte” frå Oslo i samprod. med Black Box teater

Regi: Kari Holtan

Tekstinstruksjon på barna: Kari Holtan og Jørgen Langhelle

foto og videodesigner: Boya Bøckman

masker: Carle Lange

medverkande konseptutviklar: Torbjørn Davidsen

musikkprodusent: John Birger Wormdahl

lys: Jean Vincent Kerebel


Skuggar har sitt eige univers, ope, klart og på same tid urovekkande og gåtefullt. ”Alt er no og alt er alltid” Det at tid og rom er oppløyst gjer at eg som lesar kjenner meg igjen i ei slags uro. Menneska oppheld seg i eit immaterielt rom på eit slags nullpunkt, der erindringane om eit liv saman vert det einaste haldepunktet. Teksten utfordrar oss til å stilla dei eksistensielle spørsmåla og undra seg over kven vi er og korleis vi set spor i kvarandres liv. Kari Holtan.



Festkvelden inneheld smakebitar frå Fosse sitt forfattarskap med tonefølgje.

Dei som skal bidra på festkvelden:
Elevar ved Strandebarm skule,
Benedicte Maurseth, Arild B Nielsen, Sigmund Vik, Nan Alice Espeseth,  Arnhild Litleré og Vidar Berge.

Festtale av Jan Landro.

 

15. august 2009

 

KUVØSEPOESI,

kl 11, 14.30, 18 Sjøhuset/gamlebutikken, Fosse

I eit gamalt sjøhus på Fosse kan ein leggja seg roleg tilbake i ei hengekøye og høyra romanen ”Morgon og Kveld”

Lydbok lese av: Jørgen Langhelle. Varer 3 timar.

I det rette miljøet, med bølgjeskvulp og sjølukt kan ein høyra om fiskaren Johannes som ruslar gjennom dagen sin, ein svært så spesiell dag….

 

UTSTILLING, 

kl 12.00 Strandebarm skule

Kunstutstilling av ulike kunstnarar som har latt seg inspirere av Jon Fosse og hans tekstar.

Tom Gundersen

Marvin Halleraker

Eva Laila Hilsen

Ivar Aasen - tunet deltar med si Jon Fosse - utstilling.

 

BOKPRESENTASJON,

kl 13.00 Strandebarm skule

Cecilie Seiness vil presentera den nye boka si ”Poet på Guds jord”.

Boka kjem ut på Det Norske Samlaget september 2009.

 

TEATERGRUPPE, AVLYST

kl 14.00 Strandebarm skule

Fosse i kryss-klipp. Bergen Byspill med ungdommar.

 

 

SAMTALE KRING JON FOSSE SITT FORFATTARSKAP, 

kl 15.00 Strandebarm skule kr 100

Leia av Irene Nygårdsvik

Fire Fosse - kjennarar frå ulik ståstad møtes til ein open dialog

om forfattaren og hans tekstar.

 

Susanne Bordemann. Tysk. Har skrive doktoravhandling om Jon Fosse basert på tyske og norske kritikkar.


Solveig Weinkouff Dansk Sceneinstruktør


Cecilie Seiness : forfattar av boka ”Poet på Guds jord.”

 

Lars Sætre, professor i allmenn litteraturvitskap (UiB). Har skrive ei rekkje artiklar om verka til Jon Fosse.

 

SKODESPEL,

kl 20.00  

Haugatun ungdomshus i Strandebarm kr 200

Teaterstykket ANDVAKE,  

eit samarbeid mel Det Norske Teateret og Rikskonsertane

skodespelar: Svein Tindberg

Musikar :Benedicte Maurseth

regi :Kjetil B Hansen


Ei vakker forteljing om to som elskar kvarandre.

Det er slik at det skjer brutale ting i denne forteljinga. Det brutale kjem meir som ein ettertanke, slik det unge paret prøver å skjule det for seg i sitt liv, blir det også skjult for publikum. Ein har den fine kjærleikshistoria og så det brutale som ligg gøymt”. J Fosse


 

 

16. august 2009

 

KUVØSEPOESI,

kl 11, 14.30, 18, Sjøhuset/gamlebutikken, Fosse

I eit gamalt sjøhus på Fosse kan ein leggja seg roleg tilbake i ei hengekøye og høyra romanen ”Morgon og Kveld”.

Lydbok lese av: Jørgen Langhelle. Varer 3 timar.

I det rette miljøet, med bølgjeskvulp og sjølukt kan ein høyra om fiskaren Johannes som ruslar gjennom dagen sin, ein svært så spesiell dag….

 

POESI I NATUREN,

kl 11.00 Opplysningar om transport kjem

Prosa frå ein oppvekst viser veg til Haukåsfjellet

Haukåsfjellet har flott utsyn over delar av bygda, ein godt høve til å

ta inn dette landskapet som mange av Jon Fosse sine tekstar er forankra i.

 

BARNEPROGRAM, 

kl 14.30  Strandebarm skule kr 70 og kr 50 (born)

Opplesing av barneboka ”KANT” av Hildegun Riise

Boka er illustrert av Akin Duzakin, tilrettelagt av Tor Kristian Liseth. Ein tekst som stiller dei store spørsmåla—ein fin time for store og små filosofar.


 

SKODESPEL,

kl 16.00

Haugatun  ungdomshus i Strandebarm kr 200

Teaterstykket ANDVAKE,

eit samarbeid mel Det Norske Teateret og Rikskonsertane

skodespelar: Svein Tindberg

Musikar :Benedicte Maurseth

regi :Kjetil B Hansen


Ei vakker forteljing om to som elskar kvarandre.

Det er slik at det skjer brutale ting i denne forteljinga. Det brutale kjem meir som ein ettertanke, slik det unge paret prøver å skjule det for seg i sitt liv, blir det også skjult for publikum. Ein har den fine kjærleikshistoria og så det brutale som ligg gøymt”. J Fosse


 

 

 

 

   

   Jon Fosse

                      dagane 2009

Strandebarm