BOK-KAFÉ PÅ STRANDEBARM SKULE 

      laurdag 21 nov kl: 13

Forfattar og fengselsprest Kjell Arnold Nyhus  fortel og les frå boka si: ”U Alminnelig”

Boka tar for seg mystikken i Jon Fosse sitt forfattarskap.
Arnhild Litleré les tekstar og utdrag frå b.la frå boka
”Poet på Guds jord” av Cecilie Seiness.
 
Kunst-utstilling
Sal av bøker og T- skjorter.
  
Hjarteleg velkommen!
 

 

 

”Klangen frå Strandebarm ligg i botnen av alt eg skriv. Haustmørkret. Tolvåringen som går på ein smal bygdaveg. Vinden, regnet som piskar, fjorden slår. Eit einsleg hus med lys i vindauge. Kanskje kjem det ein bil. Dei tinga der ligg i botnen av alt eg skriv.” 

Jon Fosse.

 

 

ho står i sitt eige mørker

ho står i sitt eige lys, ho står på ein bakke

ho står og ser seg rundt, ho står og held på ein pose

ho opnar posen og ho ser seg rundt, ho tar ein neve

med brødbitar opp ifrå posen, ho ser seg rundt

og sauene kjem, dei kjem ifrå kvar sin kant

sauene, lamma, sjølv verane kjem

dei spring imot henne, ho står med handa full

av brød i bitar ho deler litt ut og dyra et ho byrjar så gå

og dyra følgjer etter ho står i sitt eige lys ho går føre

og sauene kjem etter og rundt seg har ho sauene

(og over det heile er hennar, så uforfalska, klåre lys)

dikt-1986-2000

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

   

   Jon Fosse

                      dagane 2009

Strandebarm