Billettsal slutt på Billettservice
Ledige billettar vert seldt ved inngangen.
14. august 2009
FESTKVELD med Skuggar,
(billettar kan og kjøpast på Coop - Strandebarm og O. Tufta - Oma)
kl 19.00 Strandebarm Idrettshall kr 300
Teaterstykket Skuggar av Jon Fosse 2006
Produsert av frigruppa ”Dei utvalgte” frå Oslo i samprod. med Black Box teater
Regi: Kari Holtan
Tekstinstruksjon på barna: Kari Holtan og Jørgen Langhelle
foto og videodesigner: Boya Bøckman
masker: Carle Lange
medverkande konseptutviklar: Torbjørn Davidsen
musikkprodusent: John Birger Wormdahl
lys: Jean Vincent Kerebel
Skuggar har sitt eige univers, ope, klart og på same tid urovekkande og gåtefullt. ”Alt er no og alt er alltid” Det at tid og rom er oppløyst gjer at eg som lesar kjenner meg igjen i ei slags uro. Menneska oppheld seg i eit immaterielt rom på eit slags nullpunkt, der erindringane om eit liv saman vert det einaste haldepunktet. Teksten utfordrar oss til å stilla dei eksistensielle spørsmåla og undra seg over kven vi er og korleis vi set spor i kvarandres liv. Kari Holtan.
Festkvelden inneheld smakebitar frå Fosse sitt forfattarskap med tonefølgje.
Dei som skal bidra på festkvelden: Elevar ved Strandebarm skule, Benedicte Maurseth, Arild B Nielsen, Sigmund Vik, Nan Alice Espeseth, Arnhild Litleré og Vidar Berge.
Festtale av Jan Landro.
15. august 2009
KUVØSEPOESI,
kl 11, 14.30, 18 Sjøhuset/gamlebutikken, Fosse
I eit gamalt sjøhus på Fosse kan ein leggja seg roleg tilbake i ei hengekøye og høyra romanen ”Morgon og Kveld”
Lydbok lese av: Jørgen Langhelle. Varer 3 timar.
I det rette miljøet, med bølgjeskvulp og sjølukt kan ein høyra om fiskaren Johannes som ruslar gjennom dagen sin, ein svært så spesiell dag….
UTSTILLING,
kl 12.00 Strandebarm skule
Kunstutstilling av ulike kunstnarar som har latt seg inspirere av Jon Fosse og hans tekstar.
Tom Gundersen
Marvin Halleraker
Eva Laila Hilsen
Ivar Aasen - tunet deltar med si Jon Fosse - utstilling.
BOKPRESENTASJON,
kl 13.00 Strandebarm skule
Cecilie Seiness vil presentera den nye boka si ”Poet på Guds jord”.
Boka kjem ut på Det Norske Samlaget september 2009.
TEATERGRUPPE, AVLYST
kl 14.00 Strandebarm skule
Fosse i kryss-klipp. Bergen Byspill med ungdommar.
SAMTALE KRING JON FOSSE SITT FORFATTARSKAP,
kl 15.00 Strandebarm skule kr 100
Leia av Irene Nygårdsvik
Fire Fosse - kjennarar frå ulik ståstad møtes til ein open dialog
om forfattaren og hans tekstar.
Susanne Bordemann. Tysk. Har skrive doktoravhandling om Jon Fosse basert på tyske og norske kritikkar.
Solveig Weinkouff Dansk Sceneinstruktør
Cecilie Seiness : forfattar av boka ”Poet på Guds jord.”
Lars Sætre, professor i allmenn litteraturvitskap (UiB). Har skrive ei rekkje artiklar om verka til Jon Fosse.
SKODESPEL,
kl 20.00
Haugatun ungdomshus i Strandebarm kr 200
Teaterstykket ANDVAKE,
eit samarbeid mel Det Norske Teateret og Rikskonsertane
skodespelar: Svein Tindberg
Musikar :Benedicte Maurseth
regi :Kjetil B Hansen
Ei vakker forteljing om to som elskar kvarandre.
”Det er slik at det skjer brutale ting i denne forteljinga. Det brutale kjem meir som ein ettertanke, slik det unge paret prøver å skjule det for seg i sitt liv, blir det også skjult for publikum. Ein har den fine kjærleikshistoria og så det brutale som ligg gøymt”. J Fosse
16. august 2009
KUVØSEPOESI,
kl 11, 14.30, 18, Sjøhuset/gamlebutikken, Fosse
I eit gamalt sjøhus på Fosse kan ein leggja seg roleg tilbake i ei hengekøye og høyra romanen ”Morgon og Kveld”.
Lydbok lese av: Jørgen Langhelle. Varer 3 timar.
I det rette miljøet, med bølgjeskvulp og sjølukt kan ein høyra om fiskaren Johannes som ruslar gjennom dagen sin, ein svært så spesiell dag….
POESI I NATUREN,
kl 11.00 Opplysningar om transport kjem
Prosa frå ein oppvekst viser veg til Haukåsfjellet
Haukåsfjellet har flott utsyn over delar av bygda, ein godt høve til å
ta inn dette landskapet som mange av Jon Fosse sine tekstar er forankra i.
BARNEPROGRAM,
kl 14.30 Strandebarm skule kr 70 og kr 50 (born)
Opplesing av barneboka ”KANT” av Hildegun Riise
Boka er illustrert av Akin Duzakin, tilrettelagt av Tor Kristian Liseth. Ein tekst som stiller dei store spørsmåla—ein fin time for store og små filosofar.
SKODESPEL,
kl 16.00
Haugatun ungdomshus i Strandebarm kr 200
Teaterstykket ANDVAKE,
eit samarbeid mel Det Norske Teateret og Rikskonsertane
skodespelar: Svein Tindberg
Musikar :Benedicte Maurseth
regi :Kjetil B Hansen
Ei vakker forteljing om to som elskar kvarandre.
”Det er slik at det skjer brutale ting i denne forteljinga. Det brutale kjem meir som ein ettertanke, slik det unge paret prøver å skjule det for seg i sitt liv, blir det også skjult for publikum. Ein har den fine kjærleikshistoria og så det brutale som ligg gøymt”. J Fosse
|