Interimstyret
Arnhild Litleré (1960)
Statens Teaterhøgskule. Er profesjonell skodespelar med oppdrag på kjende scenar. Td Det Norske Teateret, Oslo, Den Nationale Scene, Bergen, NRK mm
Fødd og oppvaksen i Strandebarm.
Åse Ljones (1954)
Kunsthøgskulen i Bergen. Biletkunstnar med utstillingar i inn- og utland. Innkjøpt med arbeid til m.a. kunstindustrimusera i Oslo, Bergen og Trondheim. Omtala i Norsk Kunsthistorie.
Fødd og oppvaksen i Strandebarm.
Torbjørn Kaarbø (1952)
Cand. mag. og ped. sem. Initiativtakar til og leiar for Hardanger Fartøyvernsenter i 17 år. No sjølvstendig kulturarbeidar. Har budd på slektsgard i Strandebarm dei siste 30 åra. Erfaring frå prosjektarbeid/styreverv innan kultur og næring
Dag Rune Mo (1956)
Attføringskonsulent ved Norheimsund Industrier as. Utdanning innan informasjon og kommunikasjon. Var initiativtakar og styremedlem i Hardingtonar 1990 - 95. Medlem i interimstyret i Hardanger Kunstskule. Lang fartstid gjennom ulike verv innan organisasjons- og politisk arbeid. Fødd, oppvaksen og busett i Norheimsund.
Styrk Egil Andersen (1960)
Diplomkandiat ved IFM i tillegg til BI og Marknadsføringsskulen. Dagleg leiar ved Riss - reklamebyrå i Øystese. 23 års erfaring frå reklamebransjen.
Bur no i Norheimsund
Svein Ove Duesund (1954)
Universitetet i Trondheim. Tverrfagleg utdanning. Ass. rektor ved Øystese gymnas. Medlem i interimstyret i Hardanger Kunstskule. Fødd og oppvaksen i Strandebarm.